About the upcoming sound performance:
Title: «Fehn/12». Project: Sound performance at the seminar “Sverre Fehn and museum architecture”. Duration: 30 minutes. Location: Ivar Aasen-tunet in Volda, Norway. Date: Friday 30. August 2024. Invited by: Nynorsk Kultursentrum. Link: «Fagdag – Sverre Fehn og museumsarkitektur»
Ivar Aasen-tunet is a visitor center featuring the Norwegian philologist and poet Ivar Aasen, that founded one of the two official written languages in Norway. The center was opened in 2000 and is located at the home place of Aasen in Volda.
Arkitektur
Hovudbygningen er teikna av den verdskjende arkitekten Sverre Fehn og er heidra med den fremste utmerkinga for arkitektur i Noreg, Houens fonds diplom. Han fekk æresoppdraget av dåverande statsråd Åse Kleveland i 1996, og etter ti års tankearbeid og eitt års byggjetid stod nybygget ferdig våren 2000. Bygningen er teikna i samspel med landskapet og dei historiske omgivnadene, og både i form og tanke spring den ut av eit møte mellom fortid, notid og framtid.
I publikumsetasjen er der 350 m² basisutstillingar om den nynorske skriftkulturen, kafé med 45 sitjeplassar til vanleg, og ein sal med 110 sitjeplassar og 40 ståplassar. I underetasjen er det 12 kontorarbeidsplassar for fast tilsette, 4–6 arbeidsplassar for gjester i biblioteket, møterom, arkiv- og gjenstandsmagasin, tre tekniske rom og tre garderobar.
A. C. Houens fonds diplom 2008
Sverre Fehn og Ivar Aasen-tunet fekk 3. april 2008 den fremste heideren for arkitektur i Noreg, A. C. Houens fonds diplom. Kulturminister Trond Giske stod for den offisielle overrekkinga av diplomet. Her er grunngjevinga frå juryen.
Fagdag:
Sverre Fehn og museumsarkitektur
Fredag 30. august kl. 09.00-15.30
Vi markerer at det er 100 år sidan Sverre Fehn vart fødd, med ein fagdag om arkitekturen hans. Det vert innlegg frå arkitekt og professor Per Olaf Fjeld som har skrive fleire bøker om Fehn. Arkitekt Henrik Hille, som arbeidde med Fehn under bygginga av Aasentunet, vil fortelje om dette. I tillegg vert det panelsamtale med tilsette frå fleire museum teikna av Fehn.
Program
09.00–09:30: Kaffi og noko å bite i
09.30–09.45: Velkommen ved konservator Anne Natvig
09:45–10.45: Per Olaf Fjeld
Sverre Fehn – Arkitektur: Eit bindeledd mellom natur, menneske og kultur
11.00–12.00: Henrik Hille. Samarbeidet med Sverre Fehn om bygginga av Aasentunet
12.00–13.30: Lunsj og omvising
13.30–14.00: Arkitekt og lydartist Gisle Nataas spelar lydopptak frå Fehn sine bygg
14.00–15.00: Korleis fungerer bygga til Fehn som museum og arbeidsplass?
Panelsamtale med:
Per Øyvind Riise, Storhamarlåven
Gaute Øvereng, Aasentunet
Gitte Langlo, leiar i Møre og Romsdal Arkitektforeining
Samtaleleiar: Perann Sylvia Stokke, Arkitekturhistoriker, fagrådgiver i Norske arkitekters landsforbund
15.00–15.30: Avslutning og film frå Fehn si tale ved opninga av Aasentunet